Ap-Sp regjeringen ønsker trygg mat og levende distrikt for landbrukspolitikken i Hurdalsplattformen. - Vi savner en satsning på grøntsatsningen, sier NGFs leder Katrine Røed Meberg.

Onsdag la den nye Ap/Sp-regjeringen frem Hurdalsplattformen. Sterkt importvern, økt selvforsyning og reduserte klimautslipp er noen av punktene som står sentralt i den nye plattformen for landbruket.

– Regjeringsplattformen kommer med mange løfter for landbruket. Det er mye positivt å lese, men vi savner en spesifikk satsing på grøntsektoren. Vi må følge opp vår nye regjering for å bidra til at næringen får nødvendig oppmerksomhet og rammebetingelser sier generalsekretær i Norsk gartnerforbund, Katrine Røed Meberg.

Disse punktene gjelder for landbrukspolitikken:

Regjeringa vil:

  • Leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og
    andre grupper i samfunnet. Opptrappinga skal skje i samarbeid med partane i
    jordbruksavtalen og baserast på nytt talgrunnlag.
  • Sikre riktig talgrunnlag for jordbruksoppgjeret, irekna å måle inntektsnivået og ikkje berre
    inntektsutviklinga. Arbeidet som er sett i gang for å greie ut dette, skal vidareførast.
  • Senke kvotetaka for mjølkeproduksjonen for kumjølk ned mot 500 000 liter. Dei som har
    tilpassa seg dagens høge nivå, kan behalde kvotene eller selje overskytande kvoter attende
    til staten til avtalt pris.
  • Vurdere tiltak for å redusere kvotekostnadar og redusere delen leigekvoter.
  • Innføre tak på tilskot i all produksjon.
  • Sørgje for betre berekraft i landbruket gjennom auka bruk av utmarksbeite, setring,
    klimatilpassing, investering i jord og etablering av eit nasjonalt senter for fjellandbruk.
  • Stimulere til auka produksjon og omsetnad av lokalmat og -drikke og økologisk mat.
  • Gjennomgå erstatningsordningane for avlingsskadar.
  • Styrke investeringsverkemidla i jordbruket med midlar utanfor jordbruksavtalen. Dette skal
    skje gjennom ei investeringsordning som blant anna skal målrettast mot små og mellomstore
    mjølkebruk, for å følgje opp lausdriftskravet. Ordninga skal startast allereie i statsbudsjettet
    for 2022.
  • Leggje fram og gjennomføre ein opptrappingsplan for trygg matproduksjon på norske
    ressursar og setje eit mål for sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer, korrigert for
    import av fôrråvarer, på 50 prosent.
  • Vidareutvikle velferdsordningane for jordbruket og leggje fram ein eigen plan om dette.
  • Sikre importvernet for norsk jordbruk, blant anna gjennom val mellom prosent- og kronetoll,
    og sørgje for at importvernet ikkje blir svekka, når ein inngår nye handelsavtaler.
  • Greie ut nye og sterkare verkemiddel for marknadsregulering.
  • Bevare prisutjamningsordninga for mjølk, men gradvis fase ut dei konkurransepolitiske
    verkemidla frå ordninga.
  • Styrke landbruksforskninga.
  • Gjennomgå og betre landbruksutdanningane på alle nivå.
  • Lage ein plan for anstendige løns- og arbeidsvilkår for tilsette i jordbruket og grøntsektoren
    saman med faglaga og partane i arbeidslivet, med mål om å gjere næringa meir attraktiv for
    norske arbeidstakarar.
  • Etablere beredskapslagring for korn.
  • Redusere matsvinnet, blant anna ved å utarbeide ein matkastelov.
  • Gjennomgå rammevilkåra for hestesporten.
  • Sluttføre erstatningsoppgjeret for pelsdyrnæringa.